Checkout
Total: 0,-

Login

Shopping Cart / 0 products

Your cart is empty

Not sure where to start?
See our new products

Vi anbefaler

Checkout
Total: 0,-

Magnesiumkrem med Ingefær

Helsekjeda

343,-
Please select

Magnesiumkrem Ingefær 100ml

Helsekjelda lanserer no sitt siste produkt: Magnesiumkrem Ingefær. Den tidlegare Helsekjelda Ingefærkrem er no tilsett magnesium. Magnesium arbeider godt sammen med dei eteriske oljene i kremen, og vil kunna hjelpa mot leggkrampar og andre muskelsmerter.

Ved å smørja Magnesiumkrem Ingefær direkte på vonde musklar og ledd, kan ein oppleva snarleg lindring.

Eit pumpetrykk inneheld 49 mg magnesiumsulfat.

Tilrådd dosering: 1 – 2 pumpetrykk massert inn i aktuelt område etter behov.

Helsekjelda Ingefærkrem er eit naturprodukt, laga med økologiske oljer. Kremen er utvikla og produsert i Noreg i samråd med lege. 

Det har utvikla seg ein solid tradisjon med bruk av ingefær mot betennelsar og lokale smerter. I dag har vi studiar som bekreftar resultata frå tradisjonen.

Ein antar at ingefær dempar betennelsar i ledd og musklar via fleire system. Ingefær ser ut til å hemma enzym som fremmar betennelsar, på same måten som fleire betennelseshemmande medisinar gjer. I tillegg er det også muleg at ingefær stimulerer immunsystemet og danning anti-innflammatoriske stoff. Denne kombinasjonseffekten kan resultera i ein betre betennelsesdempande effekt enn NSAID-medisin (ikkje-steroide anti-inflammatoriske medisinar). Han vil også ha færre biverknader.

Ingrediensar:

  • Aqua (vatn)
  • Sodium Stearoyl Lactylate (naturleg emulgator)
  • Magnesium Sulfate
  • Glycerin* (glyserin)
  • Carthamus Tinctorius Seed Oil* (tistelolje)
  • Olea Europaea Fruit Oil* (olivenolje)
  • Glyceryl Stearate (naturleg emulgator)
  • Cetearyl Alcohol (naturleg stabilisator)
  • Simmondsia Chinensis Seed Oil* (jojobaolje)
  • Polyglyceryl-6 Stearate (vegetabilsk emulgator)
  • Citrus Limon Peel Oil* (sitronolje)
  • Sodium Levulinate (levulinsyre, vegetabilsk)
  • Lavandula Angustifolia Herb Oil* (lavendelolje)
  • Zingiber Ofiicinale Root Oil* (ingefærolje)
  • Zingiber Cassumunar Root Oil (ingefærolje)
  • Potassium Sorbate (kaliumsorbat, konservering)
  • Eucalyptus Globulus Leaf oil* (eukalyptusolje)
  • Polyglyceryl-6 Behenate (vegetabilsk emulgator)
  • Tocopherol (E-vitamin)
  • Glycine Soya Oil (soyaolje)

  *=økologisk sertifisert

Oljene i denne kremen er økologisk sertifiserte, men det ferdige produktet er ikkje økologisk sertifisert. Grunnen til dette er at Debio ikkje har eit regelverk som sertifiserer kremprodukt.

Alternative produkter

Customers also bought

-20%
Image of
234,- 187,-
Image of Magnesiumkrem med Lavendel
×
Product has been added to shopping cart